mandag 26. april 2010

Ei hektisk veke




Eg har ein særs hektisk veke framfor meg. Ikkje berre den vanlege orkestertida, men og ein heil haug av øvingar og dylike. Eksamen og.
Det kunne ha vore ganske grei skuring om alle dei involverte var pålitelege i deira planlegging, men slik er det altså ikkje. Eg får dermed ikkje sett "shooting the moon" i Sandnes i morgon - og det tykkjer eg er ein katastrofe. I alle fall for meg, for den siste dansen eg såg var ikkje noko særleg å rope hurra for.

Men - heldigvis for meg, så har eg ein nyleg kjøkkenglad gubbe som har sagt seg villig til å laga mat for meg. Litt prestasjonsangst har han dog, så eg får ikkje lov å beve3ge meg på kjøkkenet medan han kokkelerar. Og slik har det seg at eg for stunden bloggar. Mi forj@"#%&e dårlege nynorsk kjem av ei heilt annan årsak - eg skriv i sympati for Helene i håp om at ho vil tykkje det er morosamt og dermed skriv ei heilt ok nynorsk oppgåve. Med bettre nynorsk enn mi eigen - forhåpentlegvis.
(Eg har gløymt alt av regel og rettskrivnad, så sjå gjennom fingrane på alt. Absolutt alt. For dette er ei håpløys smørje. Det veit eg! ...men lell! haha)

Altså - eg skal spele på ein eksamen på torsdag. Utruleg fin musikk! Respighi sang for mezzo og strykekvartett. Men toneartane er ikkje dei enklaste, og det er tjukt skreve. Og me har ikkje hatt uhorveleg mykje prøver. Eg ynskjer meg ein gruppe av musikarar som kan planlegge. Finns dei?
Eg undrar stort... I skrivande stund trur eg framleis eg skal ha øving i kveld klokka 21. Meg eg veit ikkje om det gjeld lengre. Det kan og vere at vi har øving i morgon klokka 08 - eventuelt og rundt 16 eller når det skulle vere. Men altså - det veit eg ikkje enn. Festleg.
Ikkje nok med det, men eg fekk dei resterande 3 satsane frå ei Bach kantate i dag - rett før ei gjennomspeling med Sirkka-Liisa som tilhøyrer. (hahaa! er det eit ord?) Eg priste meg lukkeleg for at det ikkje berre var eg som blaleste. Songaren song heldigvis nydeleg, sjølv om ho ikkje har det plukk peiling på barokkmusikk og heller ikkje er så god med tysk tekst i Bach.

Eg tykkjer eg har skreve nok piss denne gongen og burde la tastaturet i fred.
Seier som svenskane:
"Tack och forlåt"

3 kommentarer:

Pauline sa...

Ikke rart at jeg får høre gang på gang på gang at du er verdens beste søster!!

For ikke å snakke om verdens beste stedatter...Det skulle vært et vakrere ord enn "stedatter", finnes det et på nynorsk mon tro?

Helene sa...

Steikje, eg elsker deg! Mykje!

Dersom du lurer på kva som er rett når det gjeld nynorsk grammatikk, så sier eg berre: "Ikkje få panikk! Ikkje få panikk!" og www.ordnett.no

PS: Eg har det! Eg har det! Ein kamerat av meg (sosialkunnskap) skulle selge Super Mario 64 DS, så eg fekk kjøpe det for 150,- Mykje billegare enn i ein bruktbutikk.

Steikje, nå må me ut og finne stjerner!

Helene sa...

...Og KVEN ER EG?

"Lillesyster! Lillesyster! Lillesyster!"

Steikje, eg er stolt!